Dette er ein sjeldan måte å formidle evangelia på, fortalt gjennom kvinnene rundt Jesus. I «Jesu virke» er ordet gitt til Maria som hadde tilnamnet Magdalena, ho «som sju vonde ånder hadde fart ut av». Det er natta før palmesøndag, og Maria Magdalena fortel om sitt første møte med Jesus.

– I følget til Jesus var det fleire kvinner. Dei hadde ein plass rundt leirbålet saman med disiplane, og dei risikerte livet ved å reise rundt og misjonere, skriv Sogn og Fjordane Teater i omtalen av stykket.

Forfattar Håvard Rem ønskjer at publikum skal sjå på historia med dagens auge:

Sentral duo: Marit Østbye, regi og Reidun M. Berge, som spelar Maria Magdalena.

–Det vi i dag forstår som traume og psykiatri, blei då sett på som vonde ånder. For meg som vaks opp i pinsemisjonen, er ikkje det så fjernt. På 60- og 70-talet dreiv dei framleis på med demonutdriving, og av ein eller annan grunn var det ofte kvinnene som var gjenstand for utdrivinga, seier Rem.