Det legemelde sjukefråværet i Sogn og Fjordane auka frå 4,8 prosent i 4. kvartal 2016 til 5,1 prosent i 4. kvartal 2017. På landsnivå har sjukefråværet auka frå 5,4 til 5,5 prosent.

Til tross for auken, er Sogn og Fjordane framleis mellom dei fylka som har lågast sjukefråvær. Berre Oslo med 4,5 prosent og Rogaland med 5,0 prosent er lågare.

– Nivået på sjukefråværet har vore stabilt dei siste åra og Sogn og Fjordane har framleis eit forholdsvis lågt sjukefråvær samanlikna med resten av landet, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

Blant kvinner har sjukefråværet auka frå 5,9 prosent i 4. kvartal 2016 til 6,5 prosent i 4. kvartal 2017, medan det blant menn er uendra fråvær på 3,9 prosent.

Høgast innan helse og sosial

Sjukefråværet er høgast innan helse- og sosialtenester med 7,1 prosent, deretter kjem bergverksdrift og utvinning av olje og naturgass med 6,5 prosent.

Størst auke blant yngre

Personar i aldersgruppene 20-24 år og 45-49 år har størst auke i sjukefråværet (18 prosent og 10 prosent). Aldersgruppa 16-19 år har likevel størst nedgang i sjukefråværet med minus 15 prosent. Det er ein klar tendens at sjukefråværet er lågast i dei yngste aldersgruppene og høgast i dei eldste.

Størst auke i Balestrand

Balestrand, Askvoll og Leikanger er dei kommunane som har størst auke i sjukefråværet frå 4. kvartal 2016 (høvesvis 61, 35 og 18 prosent). Solund og Vik har størst nedgang, med høvesvis 33 og 31 prosent. Vågsøy har høgast sjukefråvær med 6,8 prosent. Deretter kjem Bremangar og Flora, begge med 6,1 prosent. Aurland og Gloppen har lågast sjukefråvær (3,6 prosent og 4,1 prosent). Endringane i den enkelte kommune frå kvartal til kvartal kan vere tilfeldige utslag og det er difor viktig å sjå sjukefråværsutvikling over tid og ikkje berre for eit einskild kvartal, seier Thorsnes.

Færre med gradert sjukemelding

Prosentdelen med gradert sjukemelding er redusert frå 25 til 24 prosent. På landsnivå er prosentdelen graderte uendra på 25 prosent. 28 prosent av kvinnene i Sogn og Fjordane har ein gradert sjukmelding, mot 19 prosent av mennene

Legemeldt sjukefråvær i Sogn og Fjordane. Sjukefråværsprosent 4. kvartal 2016 og 4. kvartal 2017
Prosent 4. kvartal 2016Prosent 4. kvartal 2017Endring frå 2016 til 2017
Sogn og Fjordane4,85,14,9
1401 Flora5,26,117,3
1411 Gulen5,25,2-0,3
1412 Solund6,44,3-33,3
1413 Hyllestad6,16,0-1,2
1416 Høyanger4,95,512,5
1417 Vik6,14,2-31,4
1418 Balestrand3,45,460,5
1419 Leikanger4,85,618,0
1420 Sogndal3,84,416,1
1421 Aurland3,73,6-4,3
1422 Lærdal4,54,88,2
1424 Årdal3,94,413,7
1426 Luster5,44,9-10,5
1428 Askvoll4,35,834,9
1429 Fjaler5,04,6-7,9
1430 Gaular5,35,2-1,0
1431 Jølster4,54,5-0,2
1432 Førde4,44,50,8
1433 Naustdal6,45,6-12,4
1438 Bremanger5,46,112,7
1439 Vågsøy5,96,815,5
1441 Selje5,34,3-18,1
1443 Eid4,94,91,5
1444 Hornindal4,24,58,5
1445 Gloppen4,14,10,8
1449 Stryn5,25,44,1

Legemeldt sjukefråvær i fylka. Sjukefråværsprosent 4. kvartal 2016 og 4. kvartal 2017

4. kvartal 20164. kvartal 2017Prosentvis endring
Norge5,45,52,5
Østfold6,26,31,5
Akershus5,25,32,5
Oslo4,54,51,8
Hedmark5,75,93,6
Oppland5,96,25,3
Buskerud5,55,85,7
Vestfold5,55,73,0
Telemark5,86,02,2
Aust-Agder5,65,83,9
Vest-Agder5,45,75,9
Rogaland4,85,04,4
Hordaland5,65,6-0,3
Sogn og Fj.4,85,14,9
Møre og R.5,55,73,4
Sør-Trønd.5,45,4-1,1
Nord-Trøn.6,16,21,7
Nordland6,26,31,6
Troms6,06,23,2
Finnmark6,16,44,9