Det lyktes ikkje heilt for Anders Fannemel som enda på ein 18. plass under skiflyginga i Raw Air i Vikersund søndag.

Han kan imidlertid trøste seg mykje over at lagkameratane henhaldsvis Robert Johansson, Andreas Stjernen og Daniel Andre Tande sytte for trippel norsk i Vikersund.

Anders låg på ein 14. plass etter første omgang etter eit hopp på 215 meter. Hoppet på 200,5 meter i andre omgang resulterte altså i ein 18. plass. Fannemel kan no sjå fram mot skiflyging i Planica neste helg.

Samanlagt var det polakken Kamil Stoch som vann Raw Air føre Robert Johansson og Andreas Stjernen.