– Ta tid til å granske eigedomsskatten! Dette seier Jostein Bøe, administrerande direktør i Stryvo Group. Dei fann fleire feil i taksten som vart utsend frå Stryn kommune.

– Det er klart urettferdig med eigedomsskatt på maskiner og utstyr, men det får vi ikkje gjort noko med. Eg meiner det i utgangspunktet er feil å dra skatt på maskiner og anna produksjonsutstyr inn i taksten, for kva skal reknast som fastmontert og ikkje, er kommentaren frå Jostein Bøe.

– I neste omgang blir det vel skatt på skiftenøklane og anna lausøyre også, seier han.

Medhald

Jostein Bøe meiner førsteutkastet angåande eigedomsskatten var hårreisande.

Ved gjennomgang fann han mange feil som vart påpeika, og Stryvo fekk medhald i klagene.

Han seier alle timane som er brukte til å kontrollere takstdokument for eigedomsskatten og presentere klage, var vel anvendt tid, men kunne vore brukt til andre ting. Dette ville gje meir skatteinntekter om dei jobba og omsette meir desse timane.

– Vår skatt på produksjonsutstyr vart 2.300 kroner, mykje fordi utstyret som er medrekna er nedskrive til 10 % av nyverdi. Det er akseptabelt. Tidsbruken på å rette feil vart dyrare, seier Bøe som måtte gå to rundar med kommunen. No ser han på det som ein fornuftig skatt for Stryvo, men meiner likevel at skatt på maskiner og utstyr allereie er ein urettferdig skatt. Han seier det ikkje spelar nokon rolle om bedrifta tener pengar eller ikkje, og om dei har høve til å betale eigedomsskatten.

Sjefen for Stryvo Group seier skattlegginga ikkje må kome så langt at det ikkje vert grunnlag for å drive butikk. Han tenkjer på mindre, nystarta bedrifter med nye anlegg som må skape eit grunnlag. Om det vert nedgangstider må bedriftene ha buffer.

– Sjølvsagt betaler vi skatt med glede, men vi må vere smarte og passe på verdiane, seier Jostein Bøe. Han vil ikkje å gå inn i debatt om politiske standpunkt om bedriftsskattlegging, men meiner det må vere rom for skjønn i grunnlaget for at folk kan betale.

Bøe forstår at kommunen følgjer reglar og retningsliner frå sentralt hald og at taksering er komplisert. Men han påpeikar også det tvilsame i å diskutere kva som er fastmontert eller ikkje og kva som er spesielt tilpassa bygget.

– Ein må granske taksten grundig, seier Jostein Bøe.

Mykje utstyr: Lærling Lars Ivar Verlo og sjefen for Styvo Group Jostein Bøe ved CNC dreiesenter. I ei bedrift med mykje utstyr tek det tid å gå gjennom alle takstmoment. Foto: Anne-Mari Aalberg
Sjekk nøye: Administrerande direktør ved Stryvo AS, Jostein Bøe, seier alle må granske skattetaksten grundig då dei fann mange feil. Foto: Anne-Mari Aalberg