Fjordingen for 10 år sidan:

Fotballeventyret som starta på ei løkke i Visnesbakkane, og gjekk via Stryn Stadion til Elland Road og Leeds er over. Tore Andre Flo legg fotballskorne på hylla og set sterkare fokus på familien. Siste dagane har det vore spekulert i om han framleis skal spele i lågare divisjonar og satse på ei framtid som trenar. – No skal eg slappe av, vere heime og ta meg meir av familien, seier Tore Andre Flo på telefonen til Fjordingen frå London. Han løyner ikkje at han har slite med skader siste tida, men understrekar at han avsluttar karrieren som frisk.

– Det er mykje ein kan drøyme om, men eg hadde aldri tenkt at eg skulle fått med meg så mykje som det eg har fått vore med på, seier stryningen som fyller 35 år i sommar. – Det har vore eit eventyr å få reise verda rundt som fotballspelar, seier Flo, som understrekar at det ligg også mykje hardt arbeid og trening bak.