12. juli 2017 er ein dato Martinus Vik alltid vil hugse. Ein dag som kunne fått katastrofale følgjer, men som til alt hell enda bra.

– Eg kom frå Stryn og så skulle sight-seeingbussen som stod parkert her ved Mølla ta ein u- sving mot Olden. Då måtte eg stoppe for det var ikkje plass til min bil, bussen stod så langt fram i vegen og det kom trafikk imot. Og slik han stod hindra han også folk å nytte gangfeltet, forklarar Vik.

Vi sit i lastebilen til yrkessjåføren frå Stryn, nasen i retning Olden sentrum, akkurat slik bilen gjorde denne julidagen i fjor. Så løyser Vik handbrekket, og let bilen trille roleg framover medan han forklarar vidare.

– Eg sette forsiktig i gong og såg meg føre, eller trudde i alle fall eg gjorde det. Og så.. , Vik hogg i bremsa og bråstoppen gjer at underteikna nærast går i frontruta trass den låge farten.

– Eg såg plutseleg at alle skreik og tok seg til hovudet. Eg høyrde berre eit lite dunk.

Låg bak ved girkassa

Vik tok lastebillappen i militæret i 1988, og har levd av å køyre lastebil og grave sidan då. Aldri før har han vore opp i ein liknande situasjon som den i fjor sommar. Men på sine mange turar gjennom dei store turistmengdene ved cruisekaia i Olden, og med bussar, turisttog og suvenirbutikkar langs vegen, har han saktens tenkt at ein dag må det gå gale. Men ikkje med han sjølv.

– Eg stoppa bilen og sprang ut. Folk var i sjokk og eg endå meir i sjokk, fortel Vik.

– Eg såg ei ligge ved framhjulet, og tenkte at « å, det var godt det gjekk så bra». Men så stimla folk til og byrja krype under bilen. «Kva? Ligg der ei under bilen? det går no ikkje an». Han fortel kvinna låg heilt bak ved girkassa.

– Det som redda henne var at ho låg parallelt med bilen, hadde ho lege på tvers…, seier Vik, og let setninga henge. Han prisar seg lukkeleg over at han køyrer ein anleggsbil som har ekstra høg klaring. Hadde det vore ein vanleg trailer ville nok utfallet blitt eit anna. Til stor lette for både Vik og dei andre kom kvinna ålande fram på eiga hand. Nokre små skrubbsår var alt av synlege skadar. Brannvesen, ambulanse og politi kom relativt kjapt på plass.

Men så snart det viktigaste var konstatert, at alt gjekk bra, melde ei ny bekymring seg hos Vik. Kva med lappen? Kva ville skje med jobben no?

– Eg tenkte det berre var å levere frå seg sertifikatet.

Men ein motorsyklist skulle spele ei avgjerande rolle. Han hadde fått med seg heile situasjonen. I avhøyr med politiet viste det seg fort at Vik si forklaring samsvara heilt med vitnet på motorsykkelen. Då Vik stoppa for bussen, rett før krysset og om lag ti meter framfor gangfeltet ved Mølla, hadde kvinnene mest truleg tolka det som at det var dei han stoppa for. Då kvinnene smatt framfor lastebilen, og utanfor synsfeltet, hadde han ikkje sjanse til å reagere.

– Versågod, sa politiet, her er lappen. Så tek du deg ein liten pause og køyrer att.

– Må få opp fysiske stengsel

No håpar Vik at både han sjølv og andre skal sleppe å måtte oppleve liknande situasjonar. Men då må det på plass tiltak ved kaia i Olden. Eit gjerde kan vere eit enkelt men svært nyttig grep, ifølgje yrkessjåføren.

– Her kan ein gå fritt i 200 meters lengde, og her er det bussar og styr og vesen, seier Vik, og peikar i begge retningar frå krysset. Han vil ha fysisk stengsel som hindrar at folk kan trakke seg ut i vegen frå kor som helst.

– Ein må sluse turistane inn på gangfeltet ved Mølla. Det skulle aller helst vore overgang, men det er det ikkje plass til.

Framleis er det nesten ikkje ein dag utan at han er innom hendinga som kunne blitt så skjebnesvanger.

– Sjølv om eg hadde gått fri, men drepe dei, så hadde eg aldri gått fri her oppe, seier han og peikar mot hovudet.

Martinus Vik demonstrerer korleis den eine av dei to kvinnene vart liggjande under lastebilen, bak ved girkassa. – Heldigvis er det anleggsbil med høg klaring, seier Vik. Foto: Roy Aron Myklebust
Vik viser korleis den eine kvinna låg då han kom ut av bilen. Han trudde først det berre var henne, og vart gripen av ny panikk då han forstod at ei også var hamna under bilen. Foto: Roy Aron Myklebust