(Sunnmøringen): I 2020 skiftar vegen eigar, og går frå å vere fylkesveg i Sogn og Fjordane til å høyre til Møre og Romsdal sitt vegnett.

Planansvaret for vegen er allereie overført frå Region vest til Region midt i Statens vegvesen. Før planlegginga av ny veg kan starte ventar avklaring om finansiering med kommunane Stranda og Hornindal.

Nedprioritert i Sogn og Fjordane

Den humpete vegstrekninga mellom fylkesgrensa og Tomasgard i Hornindal står framleis oppført som eit mogleg framtidig vegprosjekt på Sogn og Fjordane fylkeskommune sine heimesider.

I oktober i 2012 vedtok Hornindal kommune kommunedelplan med ny trasé. Planane står med eit kostnadsoverslag på 236–272 millionar kroner.

– Vi driv vanleg drift og vedlikehald på vegen, men den er ikkje prioritert for større investeringar, seier Dina Lefdal, fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ho fortel at andre vegstrekningar vart prioritert ved førre regionale transportplan.

– Då vi laga ny transportplan no frå og med 2018 vart han ikkje løfta inn att. I og med at han skal ut av fylket er det ikkje så aktuelt, seier ho.

Sjølvfinansierande prosjekt

Seksjonsleiar for infrastruktur i Møre og Romsdal fylkeskommune, Per Ove Nydal, fortel at han jobbar med å få i gong planarbeidet frå deira side.

– Det er eit ønskje frå Møre og Romsdal fylke at det vert gjort noko med denne vegen, seier han.

I desember 2017 vedtok fylkestinget ei sak om «sjølvfinansierande prosjekt». Stort vedlikehaldsetterslep og tronge økonomiske rammer gjer at realisering av store, nye vegprosjekt i stor grad vil vere avhengig av andre finansieringskjelder enn fylkeskommunale midlar, heiter det i sakspapira frå den gong.

– Må verte ei bompengeløysing

– Prosjektet skal finansierast av Hornindal og Stranda. For denne vegen sin del vil det kunne bety at det må verte ei sannsynleg bompengeløysing, men det må vi sjå på seinare, seier Nydal.

No skal først reguleringsplan på plass frå Møre og Romsdal si side.

– Når den er ferdig og vi kan rekne ut kva det vil koste, må vi sjå det opp mot trafikken på strekninga, og rekne ut om prosjektet vert sjølvfinansierande eller ikkje, forklarar Nydal.

Tek si tid

Det kan dermed sjå ut som det enten vert bomveg, eller ingen ny veg.

– Eg blir overraska om den fylkeskommunale økonomien tilseier at det ikkje vert bomveg, seier Nydal.

Men i overskodeleg framtid vil nok vegstrekninga halde fram med å sørge for kaffisvulp og slitne fjører på bilen.

– Det er vel lite sannsynleg at det vert sett ein spade i jorda før det har gått nokre år. Reguleringsarbeid tek jo si tid.

Berg- og dalbane

For nokre dagar sidan hadde kreative honndøler vore på ferde og sett opp skilt der det står «Grodås-Møre Grense verdens lengste berg og dalbane»

Kven som har sett opp skiltet er ikkje kjent, men det er nok mange som seier seg samd i karakteristikken.

Ordførar Stig Olav Lødemel, sa sist veke til Fjordingen berelag av myr og leire dekka av asfalt er formelen på katastrofalt dårleg veg.

– Eg vart ikkje veldig overraska over at nokon har funne grunn til å skilte strekninga med berg- og dalbane. Svært mange personar har uttrykt frustrasjon og bekymring for tilstanden på FV60-strekninga.

Denne saka vart først publisert av Sunnmøringen.