I løpet av denne veka vil Stryn kommune si heimeside få ny drakt med nye digitale løysingar, ny intranettside, universell utforming og ny løysing for produksjon og innsending av søknadsskjema.

– Den største forskjellen frå dagens heimeside er at alle skjema blir elektroniske. Dette vil gje betre service til publikum og vi tilbyr då eit digitalt førsteval, seier leiar av servicekontoret, Anna Bringsvor Egedahl.

Ho legg til at dei som framleis vil skrive ut skjema og levere desse som papir, framleis vil ha høve til det.

Offisiell lansering 27. mars

– Elles er heimesidene tilpassa vising på alle einingar som pc, mobil og nettbrett etc., slik var det ikkje før. Sida har og ein funksjon for områdemelding, som betyr at vi kan sette på spesielle varsel eller viktig informasjon på toppen av sida, forklarar Egedahl.

Nettsidene vil få si offisielle lansering under kommunestyret tysdag 27 mars.

Prosjektet er finansiert av driftsfond og fritt disposisjonsfond på 250.000 kroner.