Ein sjåfør er meld til politiet for å køyre med vogntog over lovleg lengde. Han har og tidlegare fått pålegg om å korte inn vogntoget sitt til lovleg lengde (19,5 meter).

Det melder Statens vegvesen etter ein kontroll av tungtransport ved Kjøs bru måndag og natt til tysdag.

- Alle køyretøy vart som vanleg kontrollerte for dekk og kjetting. Ein sjåfør fekk 750 kroner i gebyr for eit dekk under lovleg mønster. Resten av dei kontrollerte hadde tilstrekkeleg med kjetting.

Ein sjåfør fekk skriftleg advarsel for mindre brot på køyre- og kviletida. To sjåførar måtte fjerne gjenstandar i frontruta si før dei fekk køyre vidare, skriv Statens vegvesen.

38 vogntog vart kontrollerte.