For gutane hennar James Kristian (13) og Alexander (8) har begge synt seg å ha eit over gjennomsnittet talent for fotball, eller soccer som ein må seie i USA, visst det er den trillande lærkula ein snakkar om.

– Å vere «soccer-mom» i USA betyr at eg bruker mesteparten av tida mi til å køyre frå den eine fotballbana til den andre, heile veka, fortel Lise.

Dei to gutane spelar for Michigan Wolves, og begge har markert seg på fotballbana siste åra. I fjor kunne Fjordingen fortelje om yngstemann, Alex-ander, som vart utteken til å saman med jamgamle gutar representere USA i ei stor turnering i Barcelona. I år har eldstemann James kvalifisert seg til å delta på same turneringa for sitt årskull.

– Barcelona FC sitt fotball-skulesystem har leirar over heile USA om sommaren, der dei underviser ungane med sitt «pensum» – det same dei bruker på sine lag i Barcelona. I fjor var det mellom åtte og ni tusen ungar som deltok, og av desse vart ti ungar i kvart årskull plukka ut, forklarar Lise. Såleis må ein kunne seie at det er ein ganske unik situasjon, at begge sønene får oppleve å bli plukka ut til turneringa.

– Er nok litt usosiale

Den finn stad i slutten av mars, og då kjem det lag frå heile verda til Barcelona.

– I fjor spela Alexander sitt lag mot Brasil, Sveits, Egypt og Barcelona sitt B-lag, og dei gjorde det bra. Det blir veldig spennande å sjå kven James spelar mot i år. Uansett blir det ei fantastisk oppleving å spele saman med gutar frå heile USA og skape minner for livet.

Den utflytte strynejenta legg ikkje skjul på at mykje av kvardagen og fritida sirklar rundt gutane sin store lidenskap.

– Vi er nok litt usosiale sidan vi bruker mesteparten av tida på fotball, men det gjer oss ingenting. Så lenge gutane jobbar hardt og har det kjekt, så held eg fram å køyre. Og så er det jo kjekke gevinstar når ein blir belønna med Barcelona-turar, seier ho. I fjor var det ho som fekk reise, denne gongen er tanken at pappa, Jacob, tek turen.

– Sidan dei har arva fotball-genane sine frå han, ja kanskje litt frå meg også, sidan der er gode fotball-genar i Stryn, så er det vel berre rettferdig at han reiser denne gangen.

Lise bur i dag i Michigan USA. Her frå eit strynebesøk i samband med 17-mai i 2014, saman med mannen Jacob og sønene Alexander og James Kristian. Foto: Roy Aron Myklebust
James (12) er om få dagar klar for turnering i Barcelona. Foto: Privat
Hans Kristian Nilsen saman med barnebarnet Alexander (no 8 år). Her frå deltaking i Grodås-cup i samband med eit strynebesøk for eit par år sidan. Foto: Privat