Oskar Raftevold er utteken til landslagssamling i volleyball. Innvikaren, som spelar for Førde, fekk gladmeldinga måndag.

– Eg såg det nettopp sjølv, så eg er litt sett ut, seier Oskar når Fjordingen kontaktar han like etter at bruttotropp-uttaket på 36 spelarar er offentleggjort.

Eit hovudmål

Oskar, som blir 22 år på søndag, seier at han har jobba for dette uttaket:

– Dette har vore hovudmålet mitt dei siste to åra, men planen var opprinneleg å jobbe meg inn i bruttotroppen innan eg vart 24 år gamal.

God motivasjon

Ungguten takkar landslagsleiinga for sjansen han no får til å vise seg fram:

– Eg veit av erfaring at Tore Aleksandersen er ein av dei beste trenarane landet har å by på. I og med at eg får matcha meg med dei beste spelarane så blir dette ei god erfaring som eg tek med meg vidare. Ei slik landslagssamling gir absolutt motivasjon til å satse endå hardare framover.

Spelarane som er tekne ut til landslagssamlinga vil møtast i Oslo siste veka i mai. Med seg får Oskar heile sju lagkameratar.

Du kan lese meir om Oskar og landslagsuttaket i fredagsavisa.