Laurdag er det klart for den tredje utgåva av Stryn Rando 3000. I fjor vart arrangementet redusert i omfang grunna krevjande ver- og snøforhold. I år satsar arrangøren på at forholda i fjellet tillet full versjon.

Idemakarane bak Stryn Rando 3000 skal ha stor ros for å ha sett ut i livet eit heilt nytt arrangement og klart å skape suksess på kort tid. Ikkje berre var det eit nytt arrangement då det vart lansert, men det var og eit arrangement av det meir ekstreme slaget. Idemakarane og arrangørane trefte godt, ettersom randonee og toppturar er ein trend som breier meir og meir om seg.

Det flotte med Stryn Rando 3000 er at det er ein arena for topputøvarar like mykje som det er eit supert arrangement for dei som brukar litt meir tid både oppover og ned bakkane, men som likevel har stor glede i å utfordre seg sjølv.

Som mange andre stader i landet, men med ulike konsept, inneheld også Stryn Rando 3000 sju fjelltoppar. Medan dei fleste på søndagstur med randonee og feller under skia har nok med ein av toppane, inneheld ekstremversjonen av Stryn Rando 3000 toppane Gryta, Kyrkjenibba, Botnskrednibba, Natakupa, Hestefjellet, Karifjellet og Gullkoppen. For dei som ikkje vil gå på alle sju fjelltoppane, er Stryn Rando Classic eit alternativ. Denne kortare versjonen byr på 1.600 høgdemeter og fire fjelltoppar i løpet av 16 kilometer.

Arrangementet i Stryn er allereie godt kjend innan miljøet, trass sin korte historie. Det vitnar om at idemakarar og arrangørar har klart å treffe godt. Stryn Rando 3000 bidreg til å byggje opp om Stryn sitt gode namn som vintersportstad. Det har og vore noko av drivkrafta for dei som legg ned hundrevis av dugnadstimar både i forkant, under løpet og etterpå.

Det er vanskeleg å tene pengar på ein konkurranse for randonee-løparar, isolert sett. Det veit alle som tel dugnadstimar og maskintimar som går med. Likevel bør vinsten vere auka trafikk i Stryn denne helga, der aktivitetar i samband med Rando 3000 gir positive bidrag for mange. Og viktigast av alt: Stryn er sett på kartet som staden der ein er god på å arrangere.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør