Palmehelga er det på nytt klart for Irsk fest i Stryn. Teltmoro med irsk musikk, dans og ikkje minst årets mest populære basar!

Basaren under Irsk Fest er ei oppleving. Her er det skikkelege basarårar og god «basarsòd». Folk legg godt i potten for å sikre seg dorullar, serviettar og oppvaskbørstar.

For innimellom standard basargevinstar dukkar det nemleg opp store og verdifulle gevinstar – og ingen veit når!

Basar, trubadurar og gåver

Stemning: Frå fjorårets irske fest. Lostrupane fekk opp stemninga i teltet fredag.

Fredagen vert det, i tillegg til basar, fest og moro i teltet med Gran Prix. Og så blir det rett og slett utdeling av pengar. Under Irsk fest har Stryn Ping Pong Club nemleg dei siste åra delt ut gåvemidlar til lag og organisasjonar.

Dette er overskotet frå klubben sine arrangement, ikkje minst Oktoberfest Stryn.

Heile 152.000 kroner vart det delt ut under Irsk fest i fjor.

Høgste einskildsummane gjekk til Radio Stryn (20.000) og Stryn Pistolklubb (12.500), medan Utvik Ungdomslag, Hornindal Røde Kors og Hornindal Fritidsklubb fekk 10.000 kroner kvar.

Fart og presisjon: Riverdance av unge irske dansarar på Irsk fest i Stryn i fjor.

– Vi får gje til honndølene medan dei framleis er med oss, sa gåveutdelar frå SPPC, Kåre Tonning.

The Irish Vikings

Laurdagen står fjorårets suksess The Irish Vikings på scena i teltet. På menyen står irish stew.

– Det blir eit festivalområde med felles inngang, og det blir også underhaldning rundt på utestadane, seier Kristian Hool Egge frå arrangørane.

Sprelsk basar: Stryn Ping Pong Club stiller til ulike arbeidsoppgåver når dei har fest. Som her i kø for å levere gevinstar til heldige vinnarar under basaren.

Der finn du trubadurane Øystein Eckhoff og Torbjørn Gran.

Irsk fest er eit samarbeid mellom Stryn Ping Pong Club (SPPC) og Festivalkompaniet AS, som er samansett av fleire utestadar i Stryn.

Grøn hatt – eller skjerf

Dermed er det duka for ei ny palmehelg med mykje irsk musikk og moro i Stryn sentrum.

– Kva med dresskode? Er det slik at de ventar at folk kler seg ut i høveleg antrekk for irske festlegheiter?

– Vi håpar det, det er kjekkast då. Det er ikkje nødvendigvis så mykje som skal til, seier Kristian Hool Egge.

– Om ikkje anna så ein grøn hatt eller eit grønt skjerf. Grønt er skjønt!