Onsdag er det klart for cupkamp i fotball mellom Volda og Stryn på kunstgraset i Volda.

Første kvalikrunde i cupen blir også første teljande kamp for Stryn sin nye trenar, Geir Inge Rake, og assistent Asbjørn Tenden.

– Vi er klare og førebudde til kampen mot Volda. Vi har fått ein del svar frå treningskampane våre i vinter i forhold til formasjon og posisjonering av enkeltspelarar. Det er tidleg i sesongen enno, men vi ser mykje bra i laget. Vi har hatt mykje utskiftingar av spelarar frå i fjor, men eg er ikkje i tvil om at dei unge som får sjansen tek utfordringa, seier Rake, som har ei utfordring med å få heim alle til kamp midt i veka, med tanke på at ein del av spelarane går på skule i Bergen.