Arrangørane har lagt ned hundrevis av dugnadstimar før den tredje utgåva av Stryn Rando 3000. Laurdag går det dei omtalar som «årets vakraste eventyr» av stabelen.

–Vi ligg godt an og er på oppløpssida no når det gjeld planlegging og tilrettelegging. I 2017 la vi ned eit halvt årsverk i dugnadstimar, i år har vi truleg lagt ned endå meir. I helga var vi ute for å stikke løypa, fortel Johan Olai Svidal, ein av mange som jobbar dugnad for å få arrangementet opp å gå.

Hundre påmelde

I fjor stilte godt 100 toppturentusiastar på startstreken ved Stryn Vinterski, og Svidal reknar med same tal deltakarar i årets utgåve. Medan fjorårets utgåve vart amputert grunna verforholda, reknar arrangøren med at ein i år vil kunne gjennomføre fullversjonen.

– I år satsar vi på å kunne gjennomføre fullversjonen med sju fjelltoppar, 3.000 høgdemeter og 26 kilometer på ski. Vi har hatt stabilt ver lenge, med fine forhold langs traseen, seier Svidal. Han seier at arrangøren kan legge om løypa på kort varsel dersom verforholda endrar seg. I fjor fekk arrangøren skryt for den alternative traseen som måtte takast i bruk.

Sju fjelltoppar

Gryta, Kyrkjenibba, Botnskrednibba, Natakupa, Hestefjellet, Karifjellet og Gullkoppen inngår i «ekstremutgåva», Stryn Rando 3000. For dei som ikkje vil gå på alle sju fjelltoppane så kan ein delta i Stryn Rando Classic, som er ein kortare versjon der 1.600 høgdemeter skal forserast, fire fjelltoppar besøkast og 16 kilometer tilbakeleggast.

Allereie godt kjent

Sjølv om Stryn Rando 3000 berre har gått av stabelen to gonger før så er arrangementet allereie godt kjent i randoneemiljøet:

– Tilstellinga er eit godt tilbod for toppturentusiastar, og noko av føremålet er å løfte randosporten og Stryn som vintersportsstad. Stryn Rando 3000 har på kort tid blitt ein samlingsstad både for utøvarar og leverandørar, seier Svidal.

Foredrag fredag

– Fredag vil fjorårsvinnaren av dameklassen, Emelie Forsberg, halde foredrag. Forsberg er ultraløpar og vert rekna som ein skialpinist i verdsklasse. I foredraget vil ho mellom anna fortelje om lidenskapen ho har for løp, og dele av sine erfaringar, avsluttar Svidal.

Som fleire andre arrangement i indre Nordfjord har også Stryn Rando 3000 fått foliert ein trailer som profilerer arrangementet. – Vi ønskjer å løfte Stryn som vintersportsstad, seier Johan Olai Svidal, klar til årets utgåve av Stryn Rando 3000. Foto: Stryn Rando 3000