Etter to uttaksrunder konkurrerer  Viktor Hochmann frå Rake om plass i den internasjonale finalen av Fysikk-OL.

Denne veka er 19-åringen frå Stryn vgs i Oslo og konkurrerer mot 17 andre realfagelevar. Dei kjempar om å representere Norge i Fysikk-OL (International Physics Olympiads – IPhO). I slutten av juli går den internasjonale finalen av stabelen i Lisboa i Portugal. Den norske finalen går over ei heil veke, og finalistane får eit innhaldsrikt program i tillegg til oppgåver.

Norgestoppen

Med tredjebeste poengsum i den andre uttaksrunden ser Viktor Hochmann fram til å bryne seg mot dei andre finalistane. Heile 930 elevar frå vidaregåande skular over heile landet var samla til den første uttaksrunden. Der fekk Viktor 22 poeng. Bjørn Inge Kleppe frå Firda vgs oppnådde 23 poeng. Maks oppnåeleg var 29 poeng.

I den andre runden var talet på deltakarar nede i 68. Stryningen fekk då tredje beste resultat med 25 av maksimalt 28 poeng. I denne siste og avgjerande uttaksrunden er talet på finalistar nede i 18, og fem av desse skal konkurrere mot deltakarar frå heile verda. Den norske finalen skjer ved Fysisk institutt på Universitetet i Oslo. Norsk fysikklærerforening i samarbeid med skolelaboratoriet ved Fysisk institutt UiO står bak satsinga for å motivere og inspirere unge til realfagstudiar.

Mest fag

Finalistene vert testa i kunnskapar om mekanikk, termodynamikk og elektromagnetisme.

– Det vil seie korleis gass oppfører seg ved temperaturendringar og elektriske ladingar for magnetar. Mekanikk er eit omfattande tema, forklarar Viktor. Han fortel at testane er skriftlege.

– Eg jobbar faktisk meir med matte enn med fysikk, men desse faga heng saman, seier den unge mannen som skal bli fysikar. Han meiner det er viktig å gje varierande oppgåver til born med matteinteresse.

– Det må ikkje vere for mykje av det same for lenge, seier viktor som har elska realfag sidan første klasse i barneskulen.

– Eg likte eigentleg best geologi som liten, og samla på steinar, fortel han.

19-åringen spelar gitar, men har for tida ikkje tid til anna enn å jobbe med realfag. Han seier det ikkje hjelper å pugge. Det handlar om å forstå.

Viktor Hochmann frå Rake skal han representere Stryn vgs og Norge i Fysikk-OL. Foto: Anne-Mari Aalberg