Hornindal og Volda Høgre har starta arbeidet med nominasjon til kommunevalet i Nye Volda 9. september 2019. Allereie 13. juni i år skal partiet ha nominert ordførarkandidaten. Resten av lista skal vere klar 13. november.

Nominasjonsnemnda hadde konstituerande møte på Josybuda på Kalvatn 19. mars der Bjørn Lødemel vart vald til leiar og Jo Stian Tverberg nestleiar.

– Nominasjonsnemnda har ei klart målsetting om å stille ei sterk liste ved kommunevalet og at Høgre skal få den første ordføraren i Nye Volda kommune. Vi skal legge til rette for ein open, konstruktiv og kreativ nominasjon som skal gje Høgre eit solid fundament inn mot valkampen og det politiske arbeidet i det nye kommunestyret. Nominasjonsnemnda ønskjer innspel på kandidatar frå begge kjønn, unge og eldre og med ulik bakgrunn. Frist for forslag på ordførarkandidat er 15. april, heiter det i pressemeldinga frå partiet.