I høve Harald Ekroll si uro for at dei svakaste ikkje forstår takstdokument på eigedomen, seier helse- og sosialsjef Heidi Vederhus at det ikkje er konkrete rutiner for å sjekke at alle har forstått taksten.

Ekroll, leiar i Råd for eldre og personar med nedsett funksjonsevne, saknar slik tryggleik.

Heidi Vederhus, seier etaten ikkje har diskutert korleis kommunen 100 prosent kan sikre at eldre og andre svake i samfunnet forstår offentlege dokument, og spesielt dokumentasjon for taksten som no er gjennomført på eigedomane. Ho fortel at Stryn kommune har vedteke å sende ut all kommunikasjon som elektronisk post. Når det vert registrert at posten ikkje vert opna, vil ansvarlege syte for at dokument blir sende i vanleg brev.

– Men i høve eigedomsskatten no er alt sendt ut som vanleg post, fortel Vederhus.

– Dei som er under vergeordning har hjelpar som kan syte for at motteke brev vert forstått. I tillegg kan heimehjelp og heimesjukepleiarar fange opp slike problem, meiner helse- og sosialsjefen og forklarar at dette er det einaste sikkerheitsnettet kommunen har for slike utfordringar.