Fredag markerte elevane ved Stryn vidaregåande skule siste skuledag før påske med temadag, påskeeggjakt og kake.

Den store sjokoladekaka fekk god omsetnad då miljøkoordinator Therese Dispen og Anne Kari Kvamme skar opp stykke for stykke i matfriminuttet.

- Vi har hatt afterski-tema i dag, og vi har hatt påskeeggjakt. Kaka er for alle dei gode prestasjonane elevane viser ved skulen, både elevbedriftene, idrettsutøvarane og ikkje minst alle som gjer ein stor innsats i skulekvardagen, seier Therese Dispen medan ho deler ut kake til elevane.