Fylkesmann i Møre og Romsdal, Lodve Solholm, tilrår at Bjørke og Viddal skal bli del av Volda kommune. Dette kom fram i ein pressekonferanse fredag rett etter kl 12.00.

Dette er i strid med både innbyggjargranskinga som vart gjennomført tidlegare i vinter, og innstillinga frå Ørsta kommune.  Innbyggjargranskinga synte at 57 prosent ønskjer å framleis høyre til noverande kommune.

- Vi har i vår vurdering lagt stor vekt på ein god søknad, og Kvivsvegen gjere at innbyggjarane no kan nytte tenester i nye Volda kommune, nærmare enn før. Innbyggjarane får også røysterett og høve til å påverke i den kommunen dei nytter kommunale  tenester i, dette veg tyngre enn at eit lite fleirtal vil bli verande i Ørsta, orienterte Solholm.

I følgje fylkesmannen vart innbyggjargranskinga vurdert som mindre viktig.

- Dette er einaste saka ein ikkje har lagt vekt på høyringa. Det er eit lite utval, få stemmer og ei stemme eine eller andre vegen utgjer stor prosent, sa Solholm.

Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som tek endeleg avgjerd i saka.