Tysdag kveld var det topptur- og skredkveld hjå Ytre-Eide Sport i Stryn. Einar Løken, profesjonell fjellførar og lærar ved naturguidestudiet ved Høgskulen i Volda, var invitert til å fortelje om toppturar som nærast har blitt ein folkesport i Norge.

– Stryn er på mange måtar unikt. Det er få plassar i verda ein kan gå på toppturar åtte månader i løpet av eit år, sa Løken som hadde mange tips om toppturar i Stryn. Likevel var det skred- og skredfare seminaret i hovudsak handla om.

Lær deg å sjå farleg terreng

– Straks du bevegar deg utanfor preparerte løyper i skitrekk, så går du på eige ansvar. Då er det opp til din- og turfølget ditt sin kunnskap om de kjem dykk heim eller ikkje, åtvara Løken.

Kompass Einar Løken viser korleis ein kan måle brattheit i eit terreng ved å holde opp eit kompass i linje med terrenget. Terreng med 30 grader helling eller brattare er såkalla skredterreng. Foto: Roger Oldeide

Han viste til tommelfingerregelen om å unngå terreng som er 30 grader eller brattare og måtar å måle dette på. Både kompass og skistavar kan nyttast til å måle terreng.

– Men ein må ut og lære seg dette i praksis, sa Løken som oppmoda alle til å lære seg bruk av kart og planlegge turen utanfor utsett skredterreng.

- Sjekk alltid Varsom.no før turen, oppmoda Løken.

–Skytande sprekker i snøen

Hold god avstand til skavlar. Sjølv om du har grunnen under deg, så knekkjer skavlane innover, opplyste Løken. Han kunne og fortelje om såkalla vedvarande svake lag i snøen og korlseis dei oppstår.

– Eit teikn kan være når snøen skyt sprekker under skia. Eit svakt lag i snøen kan opplevast som sukker og kan kollapse ved belastning, forklarte han.

Løken samanfatta fleire feil som folk ofte gjer i fjellet.

– Mange følgjer eit oppgått spor og satsar på at det ligg kloke vurderingar bak dei. Det er slett ikkje sikkert. Samstundes kan forholda ha endra seg sidan spora vart laga, fortalde Løken

– Hald avstand til kvarandre

– Gå 10 meter frå kvarandre i utsett terreng og renn ned ein og ein, forklarte Løken som meiner praktisk trening kan vere avgjerande.

– Tren på redning med skredsøker, stong og spade. Det er du som har best sjanse til å redde turfølget ditt om uhellet skulle vere ute, sa han.