Maria Magdalena. Ein monolog om påskebodskap, kvinneperspektiv, tru og respekt.

«Der skatten din er, vil også hjartet ditt vere». Den største skatten var å følgje Jesus. Forfattaren Håvars Rem tek oss med på ei reise tilbake i tid, til den tida då Jesus – og Maria Magdalena – vandra på jorda. Gjennom monologen, som Reidun Melvær Berge så mesterleg framførde i Nedstryn kyrkje onsdag kveld, fekk vi vere med Maria Magdalena. Vi fekk oppleve miljøet og høyre om dei hendingane som vi kjenner så godt frå Det nye testamentet, gjennom ei kvinne sine auge.

Vi kunne sjå for oss denne flokken med apostlar som følgde Jesus frå stad til stad og som fekk oppleve at Jesus gjorde under og fekk ein stor tilhøyrarskare.

Vi har høyrt historia før, men denne gongen vart det altså fokusert på kvinna si oppleving av å få frelse og kunne tene Gud og sonen hans, Jesus. Ikkje som ei ydmyk tenerinne, men som ein respektert elev. Jesus underviste apostlane, og blant dei fanst også kvinner.

Ein teatermonolog er fiktiv; den «latar som» rollefiguren har opplevd t.d. at Susannah har sendt med Maria brød, at Maria sit framfor eit bål og ventar på at Jesus skal kome og at dei alle skal gå inn i Jerusalem på Palmesøndag.

Alle historiene og likningane som Maria fortel, kjenner vi att. Men forfattaren let rollefiguren Maria bere dei fram som eit augevitne til mykje av det som har skjedd. Og han får fram at dei som har gått i lag med henne, både Jesus sjølv og kvinnene, har fortalt det som ho fortel oss.

Ho omtalar dei som «søstre» og heile elevflokken til Jesus er «søskjen». Alle lærer av Jesus, og som vi seinare veit, gjekk dei ut og forkynte etter Jesu død. Kvinnene også, sjølv om dei er lite omtalte i Bibelen.

Denne monologen har ein tydeleg bodskap: Kvinnene på Jesu tid hadde like viktige roller som dei har i dag, og dei var like kunnskapstørste som mennene. Dei var ivrige etter å lære av Jesus.

Som disiplar (elevar) har dei kjent seg respekterte, meiner forfattaren. «Vi hjelpte og trøysta», seier Maria i monologen. Slik hadde dei kanskje ei særskild rolle, men dei lytta og lærte, – slik vi har høyrt at dei tolv disiplane gjorde.

Bodskapen til forfattaren er tydeleg: Dei var fleire enn 12. Susannah, Johannah, Lydia og Maria m.fl. var med på Jesu tid. Og forfattaren har gitt dei høve til å fortelje sin versjon av det som hende.

Forfattaren har skapt ein gripande monolog, som fekk eit publikum på nær 30 personar til å lytte intenst i 50 minuttar. Det var så ein nestan gløymde å trekkje pusten.

Instruktøren, Marit Østbye, har hatt ein takknemlig oppgåve, sidan både teksten og skodespelaren sin uttrykksform har spelt på lag og fått fram bodskap og uttrykk på ein framifrå måte.

Kort sagt: Reidun Melvær Berge imponerte oss med å spele heile monologen utan å miste tekst og dessutan få fram eit stort følelsesregister.

Ei overtydande og kjenslevàr og vakker førestilling. Takk for at de alle, også lysteknikaren, ga oss ei fin oppleving, i tilknyting til påskebodskapen.

Imponerte: Reidun Melvær Berge imponerte i monologen om Maria Magdalena. Foto: Espen Nyttingnes / Rakkar