Stryn sentrum:

Rema 1000, ved kassene.

Kommunetorget, ved kantina.

Kulturhuset, ved toalett

Stryn vidaregåande skule

Hagen AS

Nomek

Stryn Hotel

Vest Service AS

Strynehallen

Stryn Vinterski

Esso

PreTre AS

Markane

Ullsheim

Rake/ Loen

Rake, byggefeltet

Loen Skylift (perrong nede)

Hoven Restaurant

Alexandra Hotel, i resepsjon

Sande Camping

Loen Bygdehus

Loen karateklubb

Nordfjord Kjøtt

Olden

Mølla

Briksdalsbre Fjellstove

Kleivane (berre sommarstid)

Olden Brannvesen

Sundebygget i sentrum

Røde Kors ved Helsetun

Vikane

Vagstad bygget

Utvik, ved fellesfjøs

Utvik brannstasjon

Tistam forsamlingshus

Nordsida

Coop butikken Fjelli

Bondekvinnelaget

Oppstryn/Flo

Flo, på Trafokiosk

Matstova Fosnes

Hjelledalen Paul Egge

Hornindal

Hornindal SkisenterGRS Riflestocks AS

Ekornes

Brannvesenet

Honndalshallen

Kjelde: Røde Kors og www.113.no. Lista kan ha manglar.

Har du ein hjertestartar så registrer den enkelt på www.113.no

Snakkande livreddar Hjertestartaren er enkel i bruk. Dra ut elektrodane, fjern plasten og fest dei på pasienten som anvist. Slå på grøn knapp og følg det hjertestartaren fortel deg. Foto: Roger Oldeide

Slik gjer du:

Om du mistenker at ein person har fått hjartestans så gjer du følgande:

Ring straks 1-1-3, sett på høgtalarfunksjon og start HLR: 30 hjartekompresjonar, så 2 innblåsingar.

Når ein hjertestartar kjem til pasienten må ein straks rive/klippe av kle. Dra ut elektrodane og fest desse på brystet som vist på hjertestartaren, helst medan hjarte- lungeredning (HLR) pågår. Sjå til at huda til pasienten er tørr.

Det er viktig at du ikkje røyrer pasienten når hjartestartaren gjer analyse. Om hjartestartaren gir beskjed om å gi sjokk så sjå til at ingen røyrer ved pasienten, trykk så på sjokk-knappen.

Om hjertestartaren gir beskjed om at sjokk ikkje skal givast, så start straks HLR på nytt.

– Held fram med å følge instruksjonane frå hjartestartaren inntil kvalifisert hjelp kjem fram og kan ta over, forklarar Vegard Rake Midtun i Stryn Røde Kors Hjelpekorps.