Ute med ny musikk, no også klar for folkemusikkfestival:

Arve Henriksen til Førdefestivalen

Til Førdefestivalen: Arve Henriksen skal vere med på den nye produksjonen «Op sødeste sang» under årets festival. Han er også ute med ny, musikalsk utgjeving. Foto: Frank Schemmann  Foto: Frank Schemmann

Flamenco Foto: David Cabajo  Foto: DFNPHOTO/DAVICP

Marja Mortensson Foto: Haugen Foto  Foto: HaugenFoto

Nyhende

Arve Henriksen frå Stryn vert ein av artistane under Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i år.

Arve Henriksen er utdanna ved jazzlinja på NTNU i Trondheim, har ei lang rekkje kritikarroste utgjevingar og konsertar bak seg og er m.a. æresdoktor av Universitetet i Göteborg. Han har stor musikalsk spennvidde og bevegar seg i grenseland mellom fleire sjangrar. Også i sine musikalske samarbeid, som har spennvidde frå Jon Fosse og Sondre Bratland til Motorpsycho.

Frå samlingane

Til sommaren kjem han til Førde for å vere med på den nye produksjonen ‘Op sødeste sang’. – Her ønskjer vi å løfte fram dei rike og vakre religiøse folketonane frå vårt eige fylke, fortel festivalsjef Hilde Bjørkum. Musikarane tek utgangspunkt i det omfattande materialet som finst i folkemusikkarkivet i Sogn og Fjordane og ved Arne Bjørndals samlingar ved Universitetet i Bergen. Sigbjørn Apeland er musikalsk leiar for dette prosjektet, og har i tillegg til Arve Henriksen også emd seg Kim Rysstad, Synnøve Bjørset og Malin Alander.

Ny utgjeving

Arve Henriksen er også ute med ny musikk, «Composograph». Utgjevinga vert presentert som «ei syntese av tre, metall og elektronikk» og er restulat av eit musikalsk samarbeid som turnerte rundt i Norge i 2012.

Saman presenterte musikarane ei blanding av tradisjonell folkemusikk, jazz og moderne samtidsmusikk.

Den første plata med dette samarbeidsbandet, «The Nature of Connections», vart utgjeven i 2014. Den gongen med akustisk orkestrasjon.

Kombinasjon elektronikk og akustisk palett

Den nye utgjevinga inneheld lydar og ornamentikk frå tradisjonell norsk folkemusikk, samtidsmusikk, improvisasjon og feltopptak. Denne gongen har fokuset meir vore på kombinasjonen av elektroniske lydar og den akustiske paletten.

Med seg på utgjevinga har Arve Henriksen (som sjølv trakterer trompetar, saxofon, piano, div. lydar og elektronikk) Svante Henryson, cello, Audun Kleive, trommer, Mats Eilertsen, dobbel bass, Gjermund Larsen, fiolin/hardingfele, Nils Økland, fiolin/hardingfele/viola d’amore, Anna Maria Frimann, hardingfele.