Per-Egil Flo er heilt ute i kulden i klubblaget Slavia Praha og får lite med speletid hjå fjorårets seriemeister i Tsjekkia.

– Det er lite å fortelje herifrå. Eg har nesten ikkje fått noko speletid denne sesongen her. Det dukka ikkje opp noko godt alternativ i transfervindauget som var, så eg får sjå kva som skjer til sommaren, seier Flo til Fjordingen.

Flo, som kom til Praha-klubben ved nyttår i fjor, var ein sentral brikke på laget som vann den tsjekkiske serien sist sesong. Eit trenarbytte har imidlertid ikkje slått heldig ut for stryningen.