Nytilflytta Katrin Oppheim frå Ulvik i Hardanger, har fått ei lita stilling som trenarrettleiar i Stryn for jenter 6 til 12 år. Ho skal mellom anna hjelpe og rettleie trenarane ved behov og skal halde såkalla trenarforum.

– Det handlar i stor grad om rekruttering og spelarutvikling av jentene. Eit mål er å passe på at dei får riktig matching etter behov og etter ønskje. Det blir utfordrande og det er nok ulike meiningar om dette i klubben, seier ho.

Trenarrettleiar Katrin Oppheim (25) opphavleg frå Hardanger, har gjort stryning av seg og skal vere trenarrettleiar for jentelaga Foto: Roger Oldeide

– Ei felles sosial ramme

Nyleg hadde tre jentelag i alderen 13 til 16 år og damelaget ein felles kickoff på Stryn stadion.

– Hensikta var å skape ei felles sosial ramme rundt laga slik at dei skal få bli kjende med kvarandre og på ein måte vise kor ufarleg dette er, forklarar Oppheim.

Rekrutteringsprosjekt

Som ein av tre klubbar i fylket er Stryn med i eit prøveprosjekt i regi av fotballkretsen der målet er ny rekruttering til jente-fotballen. Eit ledd i dette er tilsetting av trenarrettleiar.

Større fokus Jentefotballen skal styrkast i bygda. Her er det leik på Stryn stadion under kickoffen nyleg. Foto: Roger Oldeide

På bakgrunn av erfaring og utdanning vart Oppheim som fersk stryning spurd om å ta del i prøveprosjektet.

– Målsettinga er å få med flest mogleg jenter til å spele fotball og få klubben til å halde lag i alle alderskull. Stryn er ikkje så stort, så vi treng alle dei vi kan få med auka fokus på jentefotball seier Oppheim.

Ho har sjølv spelt fotball i mange år for Voss i både 1. og 2. divisjon og har bachelorgrad i idrett, fysisk aktivitet og helse og ein mastergrad i idrettsvitenskap frå høgskulen i Sogndal.

Oppgradert jentegarderobe

Under kickoffen var det både mat og kviss, men det var og «avduking» av den oppgraderte jentegarderoba med veggane dekte med bilete av jentene sjølve i aksjon.

Oppgradert Foto av jentene sjølve i aksjon er teke av Stig Høynes og ført over til veggplakat av Fluor Lux . Foto: Roger Oldeide

Vi har jobba litt med garderoben. Bileta skal kunne bidra til ein god garderobekultur med meir tilhøyrsle og eigarskap til laget. Her skal ein bli sett, fastslår ho.