Laurdag spelar Oskar Raftevold frå Innvik og Førde Volleyballklubb den første av to kampar mot Tromsø om retten til finaleplass i sluttspelet. Det første semifinaleoppgjeret blir spelt i Førdehuset, med returoppgjer i Tromsø neste helg.

Raftevold og co. er ute etter å revansjere 1–3 nederlaget i serien for Tromsøklubben for ein månad sidan.

Volleyballtalentet frå Innvik har også blitt kalla inn til landslagssamling, noko som har vore eit mål for 22-åringen.