Lone Vik frå Stryn er tilbake på handballbana. 15. april er damene i Volda handball i sving med første kvalik-kamp for opprykk til 1. divisjon.

Handballspelaren vart utbrend og gleda over idretten forsvann. Etter overgang frå Stryn til Volda handball vart det bråstopp for Lone Vik (21). Idretten gav ingen glede lenger.

No er strynejenta tilbake for fullt og stortrivst med å vere ein del av damelaget i Volda handball. Laget har to seriekampar komande helg, men er allereie klare til kvalifiserings-spel for opptrykk til 1. divisjon. Den første, viktige kvalik-kampen går av stabelen 15. april, og det skjer på heimebane mot Gneist frå Bergen.

– Kom og hei på oss, oppfordrar Lone.

Omveg

Det vart nokre omvegar før Lone fann ut kva som er rett plass i yrkeslivet. Handballen vart parkert og etter vidaregåande skule gjekk vegen til Kristiansand og lærarutdanning.

– Læraryrket var ikkje det rette så eg slutta etter eitt år, fortel Lone. Ho var heller ikkje ein del av handballmiljøet i Sørlandsbyen, men heldt fram med trening for eigen del. Etter kvart skulle glede over å spele handball kome tilbake.

Lone Vik har jobba ein del i omsorgsetaten i Stryn, og fann at dette var rett yrkesveg for henne. No studerer ho sjukepleie i Ålesund og er snart ferdig med det første året. At dette er rett yrkesval, er strynejenta ikkje i tvil om. Ho tek vakter ved Stryn omsorgssenter så ofte ho kan.

– Dette trivst eg med. Det er også viktig å ha ei utdanning, seier Lone som tydeleg er komfortabel med studiar og pendling til handballtrening og kampar.

Trivst

Lone Vik er glad over å vere med i laget som har vunne 20 av 20 kampar denne sesongen. Denne helga spelar dei mot Orkanger og Selbu.

– Eg starta som niåring, fortel Lone og forklarar at då vart det mest balleik. Eit par år seinare fell valet på handball som ”sin” idrett. Vi snakkar om korleis det kjennest å bomme på skot mot mål, spesielt om scoringa vil vere viktig for resultatet.

– Det er klart ein bommar, det kan skje for den beste. Då er det viktig å sjå framover, seier Lone. Som strekspelar er ho ofte i harde taklingar.

– Eg har heldigvis ikkje fått skikkelege skader, fortel handballjenta som stortrivst både med yrkesval og som del av eit godt lag.

Lone Vik satsar på at det blir 1. divisjon på Volda frå komande sesong. Foto: Anne-Mari Aalberg