Magnus Midthjell Gjørven fekk eit minne for livet då han hamna i spurtduell på stafetten mot sjølvaste Johannes Thingnes Bø.

Han hadde rekna med å få gå i fred på sisteetappe, landslinje-eleven frå Markane IL. Men slik skulle det ikkje bli. I staden skulle Magnus få eit minne han seint kjem til å gløyme.

Førstelaget til Sogn og Fjordane var ute av medaljekampen grunna eit uhell på andre etappe, og på siste etappe gjekk Magnus Midthjell Gjørven på 2. laget ut før Thingnes Bø.

– Det var artig det, og ikkje akkurat noko eg hadde sett føre meg. Førstelaget var jo favorittar, og eg hadde aldri trudd at vi kom til å gå i lag på sisterunden, seier Magnus til Fjordingen.

Planla spurten

– Sa Johannes noko til deg på sisterunden?

–Ja, vi planla å ha ein spurtduell inn mot mål. Det var veldig kjekt, fortel Magnus, som har Johannes som forbilde.

– Eg var heilt ferdig, eg prøvde å gå forbi ute i løypa, men fekk ikkje luke. Heldigvis tok eg spurten. Det var ei sterk sisterunde av Magnus, seier Johannes Thingnes Bø, som synest det var kjekt å møte gjengen frå Nordfjord Team igjen.