(Sunnmørsposten): Honndølen var i heimbygda fyrste del av påska der han var ein populær gjest i Hornindal Skisenter skjærtorsdag. 26-åringen – som vert 27 i neste månad – ser no fram til ferietur til USA og Mexico i neste veke.

Sesongen er over for Anders Fannemel og dei andre på det norske verdscuplaget. Totalt sett har det vore ein knallsesong for hoppnasjonen Norge med gull i lag under OL som optimal topprestasjon. Anders Fannemel vart OL-turist. Det synest han sjølvsagt var bittert.

– Korleis samanfattar du denne konkurransevinteren?

– Eg hadde totalt sett ein bra sesong. Hadde Hoppveka kommen mot slutten ville det jo sett godt ut. Men den kom i skuggen av det som skjedde før og under OL, seier Fannemel.

Mista konkurranserytmen

– Det starta under VM i Oberstdorf der eg berre fekk vist meg fram i eitt forsøk. Så vart eg reserve og gjekk og trakka i bakken. Då følte eg meg ubrukeleg. Det vart sikkert meir fysisk trening enn det som var naudsynt. Kroppen vart nok litt stinn, i det heile ein vanskeleg situasjon å kome i. Eg mista konkurranserytmen og kom inn i eit blindspor, seier ein ærleg Fannemel. Han mista råskapen som skulle til og kom inn i ein vond sirkel.

– Det snik seg etter kvart inn usikkerheit.

– Men du kom attende med 5. plass fyrste dag under verdscupavslutninga i Planica?

– Ja, og då trudde eg på plass i lagkonkurransen. At eg ikkje vart tatt ut der var feil. Og det syntest eg enda, seier Fannemel med eit stikk til landslagssjef Alexander Stöckl.

Vanskeleg val

Landslagssjefen forklarer dette til Sunnmørsposten kvifor han valde Andreas Stjernen framfor Fannemel i sesongens siste lagkonkurranse:

– Vi måtte ta ei avgjerd i løpet av ti minutt. Og vi vurderte fleire faktorar, som blant anna vindkompensasjonen for Fannemel og Stjernen. Det var eit vanskeleg val og eg har stor respekt for at Fannemel sa ifrå at han følte seg urettvis behandla. Men resultata i det siste rennet sundag gav bekrefting på at vi hadde gjort rett, seier Stöckl.

– Korleis skal du få Fannemel til å prestere meir stabilt over ein heil sesong?

– Vi ønsker sjølvsagt det aller beste for alle, og er lei oss på vegner av ham at det ikkje vart plass til Fannemel i OL. Det vert emosjonelle val, men dette er toppidrett. Og det kan vere beinhardt, seier ein ærleg landslagssjef.

Fantastisk støttespelar

– Korleis synest du Anders tok nedturen under OL?

– Han var ein fantastisk støttespelar i ein krevjande situasjon for ham, seier Stöckl. Og siktar til at honndølen vart reserve i det som var vinterens absolutte høgdepunkt; å kunne delta for å ta medalje i OL. Det gjekk Fannemel glipp av, men dei andre norske hopparane viste seg fram med gull i lag. Det hadde dei også tatt i VM i skiflyging, der Fannemel nok ein gong vart reserve.

– Kor mange hopparar tek du ut til verdscuplaget for 2018/19?

– Vi skal ha ei evaluering i slutten av april før vi skal møtest til samling i Oslo i byrjinga av mai. Då skal vi ha individuelle samtaler med hopparane, seier Stöckl til Sunnmørsposten. Han vil ikkje garantere Fannemel nokon plass på nåverande tidspunkt, men det ligg i korta om Stöckl og hans trenarteam skal ta ut seks eller sju hopparar. Eit usikkerheitsmoment er Andreas Stjernen som ikkje har bestemt seg for om han legg opp eller ikkje. Sluttar trønderen vert verdscuplaget truleg slik: Robert Johansson, Johann André Forfang, Daniel André Tande, Anders Fannemel, Halvor Egner Granerud og nykommar Marius Lindvik.

Denne saka stod først på trykk i Sunnmørsposten.