Klart for Musikalsk vårslepp

Laurdag kan du oppleve til saman 60 songarar og musikarar i mektig samklang i Stryn kulturhus.

Lostrupane: Koret frå Loen er saman med Stryn Musikklag arrangør for det musikalske vårsleppet. I tillegg kjem Stevia, Linda Gytri og Sigrid Moldestad på scena laurdag.  Foto: Privat

Nyhende

– Det går mot vår og lysare tider, og kva er vel meir passande enn eit musikalsk vårsprell, skriv arrangøren Lostrupane og Stryn Musikklag i ei pressemelding. Dei inviterer til Musikalsk Vårslepp førstkomande laurdag, og med seg på scena har dei også a capella-trioen Stevia, Linda Gytri på trekkspel og Spelmann-prisvinnande Sigrid Moldestad.

– Energisk og ettertanke

Stryn musikklag har hatt tradisjon for Nyttårskonsert dei siste åra, men no har dei altså valt å spare på «kruttet» til den vårlege tida.

– Det blir ein konsert med stor breidde i det musikalske innhaldet. Programmet er både energisk og til ettertanke, og vil virke som balsam for sjela i ei travel tid, seier musikalsk leiar, Jon Are Steen.

Korps og trekkspel blir nok eit nytt bekjentskap for mange. Publikum får oppleve artistane kvar for seg og i klingande samspel i ulike konstellasjonar. Med over 60 personar på scena ligg det til rette for ei mektig musikkoppleving i storstova i Stryn.