VIDEO:

Tok med elevane på ei spesiell «reise»

– Det var veldig interessant, seier elevar om førestillinga «Sunniva no» som gjekk føre seg utan eit ord.

Frå framsyninga "Sunniva no"

Nyhende

Legenda om Sta. Sunniva er ei kjend forteljing i fylket og fredag hadde førestillinga to framsyningar i Stryn kulturhus fredag. 

Regissør er Mette Brantzeg. Musikar Gro Marie Svidal og skodespelarane Silje Liahagen, Vetle Springgard og Martin Myhr framførte det dei omtalar som ei interaktiv og samtidsorientert danseframsyning om tru, tvil og maktbruk bygd på historia om Norge si første kvinnelege helgen; Sunniva.

Sta. Sunniva Silje Liahagen spelte helgenen Sunniva, som er bygd på legenden om Ursula  Foto: Roger Oldeide

– Skilje mellom scene og sal vert viska ut og publikum får såleis ta del i historia, forklarte ein nøgd Martin Myhr etter førestillinga. Det var tydeleg at «Sunniva no» fekk elevane med seg på notane fredag.

Inkluderte publikum Skiljet mellom scene og sal var viska ut i denne førestillinga   Foto: Roger Oldeide

– Vi synest det var veldig interessant, så var det veldig spesielt at vi vart inkludert i forteljinga og på ein måte vart utfordra i staden for å berre site å sjå på. Vi likte det veldig godt, konkluderte Monja Lindvik og Synnøve Beate Sunde etter førestillinga.

Veldig interessant Monja Lindvik og Synnøve Beate Sunde var samde om reisa dei hadde vore med på.  Foto: Roger Oldeide

Sta. Sunniva er den norske varianten av legenda om Ursula som strekk seg tilbake til middelalderen då Norge gjekk frå heidensk til katolsk tru.

"Sunniva no" Skodespelarane Vetle Springgard, Silje Ristad Liahagen, Martin Myhr og musikar Gro Marie Svidal  Foto: Roger Oldeide