Fotograf Andreas Eikeseth Nygjerd fekk gullmedalje i Norges Fotografforbunds Landskonkurranse.
Då Norges Fotografforbunds Landskonkurranse hadde prisutdeling på Hell i Trøndelag sist helg, tok imot Andreas Eikeseth Nygjerd i Eikeseth Nygjerd Fotografi AS gullmedalje (96 poeng) for sitt bilete «Portrait of a couple», som portretterer eit ektepar busett i Jølster (Ingrid & Magnus).
Andreas Eikeseth Nygjerd. Foto: Sjølvportrett
I tillegg til gullmedalje i portrettkategorien fekk Eikeseth Nygjerd også tre heiderlege omtalar for portrettfotografi.
Om gullmedaljeportrettet seier fotografen til Fjordingen:
– Dette er eit bilete frå ei svært kjekk og morosam fotografering, der det både var alvor og humor! Det er eit bilete der eg er godt fornøgd med lyssetjing, uttrykk og komposisjon. Eg var sjølvsagt spent då eg sende det inn til konkurransen, og eg tykkjer det er svært kjekt å få så høg poengsum. I år var det ein svært kompetent jury, så det betyr kanskje ekstra mykje denne gongen!