Seier seg nøgde med «Coop-comebacket»

Nøgd butikksjef: Sylwia Gorka og medarbeidarane klarte å tene inn 45 millionar på dei ti månadane i det første driftsåret til Extra-butikken i Stryn. 

Nyhende

Coop opna i februar i fjor Extra-butikk i Stryn, fire år etter nedlegginga av Prix. Ein omsetnad på 45 millionar på ti månaders drift seier dei seg nøgde med.

– Vi starta på null i februar i fjor. Vi hadde eit nytt team der fleire, slik som meg sjølv, var utan røynsle frå daglegvarebransjen. Same dag som vi opna butikken, overtok vi også Posten. Så det er klart det var mange utfordringar for oss i starten. Men eg vågar å seie at vi har lukkast godt, seier butikksjef Sylwia Gorka, i ei pressemelding. Omsetnaden vart 45 millionar kroner.

Turistar og hyttefolk

Ho opplever tøff konkurranse på daglegvare i Stryn, med fleire butikkar som gjer det godt. Men saman med gamle Coop-kundar har turistane og hytte-folket funne vegen til den nye butikken på Stryns vestkant.

Adm. direktør i Coop Vest, Geir Espe, er glad for at dei endeleg er tilbake i Stryn.

– Det er veldig bra at vi er på plass igjen og eg er glad for den gode mottakinga vi har fått.