Første turistgruppe på tur med Trollbil 10. april:

Strålande sesongstart

Nyhende

I går, 10. april, starta sesongen med første turistgruppe i Briksdalen. Første gruppe ut kom frå Thailand.

. Vi måtte improvisere litt og køyrde dei ein tur til Melkevoll Bretun og opp til utkikkspunktet over Campingen til Inge Melkevoll med Trollbil, då det ikkje var forsvarleg å køyre vegen opp til Briksdalsbreen. Dette satte dei stor pris på, og kamera vart flittig benytta, opplyser Oldedalen Skyss.

På plass i Briksdalen igjen fekk dei som hadde lyst vere med på en guida spasertur til Rastebu, rett etter andre brua i Briksdalen. Så å seie heile gruppa vart med, og dei tre Trollbilsjåførane, Tony Andre Haugen, Espen Haugen og Thomas Tonning, var no på plass som guider.

Svært fornøgde kom turistane tilbake til Briksdal og fekk ikkje rosa dei lokale gudane nok, guidane fekk til og med kredit for det fantastiske vårveret!

Ein framifrå sesongstart, konkluderer Oldedalen Skyss.