Vil halde på 19 valdistrikt

Regjeringa foreslår at stortingsvalet i 2021 blir gjennomført med dei same 19 valdistrikta vi har i dag, sjølv om fleire fylke blir slått saman.

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Regjeringa foreslår endringar i valloven som gjer at valdistrikta blir som i dag også i neste stortingsval. Det er grunnlovsfesta at vi skal ha 19 valdistrikt i Noreg, mens det i vallova står at det er fylka som utgjer valdistrikta. Med fleire fylkessamanslåingar på trappene vil landet ikkje lenger ha 19 fylke.

– Dette er ei løysing som sikrar at valgjennomføringa blir føreseieleg. Det er sett ned eit lovutval som greier ut ny vallov og som blant anna skal sjå på inndelinga av valdistrikt etter 2021, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H).

Stortinget skal vedta ny vallov før stortingsvalet 2025.