Vogntogsjåfør mista førarkortet

Nyhende

Ein utanlandsk vogntogsjåfør mista førarkortet etter å ha køyrd gjennom UP sin laserkontroll i Hornindal onsdag. UP kontrollerte farta i 60-sona på E39 forbi Hornindal skule. Vogntoget vart målt til 86 km/t, opplyser UP til Fjordingen.

11 førarar fekk forenkla førelegg på grunn av for høg fart. Høgste målte fart blant dei 11 var 82 km/t.