Dette er ikkje forureining

Nyhende

I Marsåvikja mellom Stryn og Loen kan det ved første augekast sjå ut som om fjorden er ille forureina. Slik er det heldigvis ikkje.

– No i april er det tid for sildestammen i fjorden å gyte. Hofisken legg egga i tangen inne ved land, og så kjem hannfisken med melke etterpå. Det er difor vi ser eit stort, kvitt belte langs land som ser ut som forureining, seier ein Fjordingen-tipsar.