Her kjem asfalten

Omlag 3 mil med fylkesveg i Stryn og Hornindal får ny asfalt i år. Desse vegstrekningane får asfalt.

Asfalt Drygt 3 mil med asfalt blir lagt i Stryn og Hornindal i år.  Foto: Illustrasjon: Gro Kjoss Lynge / Statens vegvesen

Nyhende

På sine nettsider melder Statens vegvesen om kva vegstrekningar som blir asfaltert i år.

For Stryn og Hornindal er det utelukkande fylkesvegar som få ny asfalt. Følgende vegstrekningar er oppført:

5388 meter på Fv.60 frå Utvik til ungdomshuset i Innvik får ny asfalt.

Fv. 723 frå Sande til Bødal langs Lovatnet får 8528 meter med ny asfalt. 

Fv.698 får 10171 meter med ny asfalt frå Bergset til Rand.

Fv.258 får 4520 meter asfalt frå grensa mot Oppland til Ospeli bru

I Hornindal blir det 1880 meter med ny asfalt på Fv.726 mellom Ytrehorn og Gausemel

- Med omsyn til trafikktryggleik vil mykje av asfalteringa skje på sein kveld og natt, skriv Statens vegvesen på sine nettsider.