Reagerer på at regjeringa vil innføre nye fylkesnamn utan høyring

Juridiske ekspertar seier regjeringa bryt lova når dei droppar høyringsrunden og sender saka om nye fylkesnamn direkte til Stortinget.

- Ikkje behov Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) seier det ikkje er behov for å gjennomføre ei nasjonal høyring om innføring av nye fylkesnamn.  Foto: Terje Bendiksby / NPK

Nyhende

Når dei 19 fylka skal bli elleve regionar, er fleire av dei nye namna omstridde. Namn som Viken, Vestland og Innlandet har skapt debatt og engasjement. No vil regjeringa sende forslaget direkte til Stortinget utan nokon høyringsrunde først, men det er i strid med lova, seier jussekspertar til NRK.

– Den måten regjeringa har valt å gå fram på, er ikkje juridisk haldbar. Ved ikkje å gjere det, så bryt regjeringa utgreiingsinstruksen, og det er det same som å bryte lova, seier jurist Jon Christian Fløysvik Nordrum ved Universitetet i Oslo.

Han blir støtta av professor emeritus i juss Jan Fridtjof Bernt, som er ekspert på forvaltningsrett.

– Eg synest dette er oppsiktsvekkjande, for det er ikkje grunnlag for å la vere å sende denne saka på høyring, seier han.

Kommunalminister Monica Mæland (H) forsvarar likevel valet om å droppe høyringsrunden. Ho viser til at det har vore ein langvarig høyringsprosess med fylkestinga og at også Språkrådet er blitt høyrt.

Ho meiner innbyggjarar som har ei oppfatning om saka, kan ta den direkte opp med sine stortingsrepresentantar.


Bilete: tbd7ac29