Skiulukke skal trekkje turistar

Ein ufrivillig verdsrekord i ski-drop på 107 meter har inspirert Visit Nordfjord til ein ny marknadsføringsfilm for regionen.

Basehopp: Fred Syversen på fjellet Hoven saman med basehoppar Even Flo. Dette er eitt av 107 øyeblikk, eller «moments», Syversen meiner folk bør få med seg når dei vitjar Nordfjord. Om ikkje hoppe sjølv, så i alle fall sjå på!   Foto: Visit Nordfjord

Nyhende

Dette kjem fram i ei pressemelding frå reisemålselskapet med base i Stryn.

For 10 år sidan, under innspelinga av ein frikøyringsfilm i Alpane, blei den norske frikøyraren Fred Syversen verdskjent for eit skihopp ein til dags dato ikkje har sett liknande til. Fred feilrekna, køyrde utfor eit stup på 107 meter og kom frå hendinga med berre nokre få skrammer. Det blir skildra som eit mirakel at han overlevde, og hoppet vert fortsatt rekna som verdas høgste dropp på ski.

Hammarstunet: Fred smakar på epler saman med fruktbonde Jakob Hammer i Randabygda.  Foto: Visit Nordfjord

 

107 meter vart 107 moments

I dag bur Fred “Hundreogsyversen” i Stryn, Nordfjord. I anledning 10-årsjubileet har Visit Nordfjord gitt Fred ei litt anna utfordring: Å gjennomføre 107 øyeblikk (moments) i Nordfjord, eitt per meter og alt i løpet av kun ei helg.

Resultatet har blitt til ein film som har til føremål å setje Nordfjord på kartet, vise breidda av mulegheiter i området og skape reiselyst for turistar i inn- og utland.

Luftig: Klatreklippa "Beachen" ved Rake.  Foto: Visit Nordfjord