Stryn Røde Kors vann slede

Slede: Kenneth Breidablik (t.v.) i Stryn Røde Kors henta sleden som dei vann i ein Facebook-konkurranse.   Foto: Privat

Nyhende

– Denne sleden vil vi få god bruk for framover, og vi gler oss til å ta den i bruk, seier Kenneth Breidablik i Stryn Røde Kors.

Nyleg var han og Thomas Svarstad i Valdres og henta sleden.

Facebook-konkurranse

– Thomas tagga Stryn Røde Kors i ein «lik og del-konkurranse» på Facebook, og vi vart den heldige vinnaren, fortel Breidablik.

Sleden på om lag 1,30 meter x 2,20 meter har oppbygde karmar og presenning, og Breidablik seier at Røde Kors vil få god bruk for den:

– Den kan brukast til alt som kan fraktast med scooter, så dette passa godt.

Stryn Røde Kors kjem til å bruke sleden i ei snøscooterøving om ikkje lenge.