Set trafikktryggleiken i fåre:

Tidsjag i sjømatnæringa uroar Lastebileigarforbundet

Direktør Geir Mo i Norges Lastebileierforbund har sett seg lei på at sjømatnæringa stadig tar til orde for meir effektiv og rimelegare fisketransport. Tidsjaget set trafikktryggleiken i fare, meiner han.   Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Krava frå sjømatnæringa om effektiv og rimeleg transport, irriterer Lastebileigarforbundet, som er uroleg for både trafikktryggleiken og arbeidsvilkåra til sjåførane, skriv Fiskeribladet.

Det hjelper ikkje at det hastar å få ferskfisk til marknaden når det skjer på ein trafikkfarleg måte, meiner administrerande direktør Geir A. Mo i Norges Lastebileierforbund.

– Vi kan ikkje drive transport fortare enn det infrastrukturen tillèt utan at det set trafikktryggleiken i fare, sa Mo på konferansen Nordnorsk sjømattransport 2030 i Narvik tysdag.

Mo ser det som ein skummel tendens at sjømatnæringa prioriterer effektivitet framfor tryggleik og gode arbeidsvilkår. Tidsjaget gjer at næringa lett tyr til useriøse aktørar, som det framleis finst nokre av i Noreg, ifølgje Mo.

Tryggleiken må alltid komme først, meiner han.

– Men tryggleik kostar, så næringa må betale for det. Men det har dei pinadø råd til, seier Mo til avisa.

– Eg meiner dei må ta eit langt større ansvar for at vogntoga som fraktar fisken deira, ikkje utgjer ein fare i trafikken.