Avsluttar på Liatoppen

2017: Inger Hjelmeset (t.v.), Oda Svarstad Hole og Katrine Svarstad Heggdal i lag med Tarjei Bø.  Foto: Markane IL

Nyhende

Skiskyttarane i aldersbestemte klassar avsluttar sesongen på Liatoppen i Ål.

Liatoppen skiskyttarfestival blir arrangert for 32. gong i helga, og arrangementet har blitt ei populær sesongavslutning for mellom anna skiskyttarar frå indre Nordfjord. Rundt 1.100 skiskyttarar frå sju nasjonar er venta.

Stor kontingent

Markane og Hardbagg sender ein stor kontingent med løparar til Liatoppen.

Markane: Oskar Guddal Breivik, Torje Seljeset, Anders Svarstad Hole, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Hedda Garlid Hilde, Emilie Flo Stavik, Mari Sofi Meland, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Sara Annie B. Aarnes, Katrine Svarstad Heggdal, Oda Svarstad Hole, Inger Hjelmeset, Elias Dispen Lødemel, Thea Dispen Lødemel, Ola Svidal, Rasmus Loen, Sigurd Fotland Fænn, Jesper Svarstad Hole, Kornelia Trøsken, Olina Svarstad Heggdal.

Hardbagg: Sondre Roset, Eirik Tvinnereim, Gunn Kristi Tvinnereim, Ann Kristin Aaland, Jonas Rand Hopland, Tord Sølvberg, Alf-Tomas Tytingvåg, Truls-David Tytingvåg.