I kveld kjempar Stella om finaleplass

Spent: Stella Birthe Poland (16) kjempar i kveld om finaleplass i Norske Talenter. - Eg tenkjer mykje på dette og håpar å gjere det bra, seier Poland, som til dagleg er elev ved musikklinja på Sandane.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

I kveld er det klart for semifinalen i Norske Talenter der vårt lokale håp, Stella Birthe Poland, skal freiste å sikre seg ein av dei til saman tolv finaleplassane. To går vidare frå kveldens diektesende semifinale, og det er tv-sjåarane sine stemmer som avgjer.

I Fjordingen tysdag kunne ein lese at 16-åringen hadde planar om å overraske ved å legge til sides den klassiske og akustiske harpa, og i staden ta i bruk ei heilt ny, elektrisk harpe. Poland vil framføre ein kjend pop-aktig låt, men namnet på låta ønska ho å halde hemmeleg heilt til det siste.

Kva låt og korleis det går med musikk-talentet busett i Kjøs får vi altså svaret på i kveld.