Liatoppen skiskyttarfestival:

Markanejenter markerte seg på stafetten

Opna: Hedda Garlid Hilde gjekk første etappe for Markane IL. Ho veksla på 20. plass.  Foto: Margunn Hjelmeset (Arkivfoto)

Emilie Flo Stavik (fremst) og Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk begge gode etappar og førte laget nesten opp på pallplass.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

Den første konkurransen på eit av verdas største skiskyttararrangement, Liatoppen skiskyttarfestival i Ål, er unnagjort og Markane IL hevda seg heilt i toppen.

Fredag stod stafett på programmet. Markane stilte lag både i gutar og jenter 13-16 år, og særleg jentene gjorde det svært bra. Dei kjempa heilt i toppen og var etter den andre etappen heilt oppe på tredjeplass. Her gjekk Maren Hjelmeset Kirkeeide ein forrykande etappe med feilfri skyting.

Emilie Flo Stavik avanserte ytterlegare ein plass inn til første skyting på siste etappe, men med to bom vart det for tøft å halde tritt med teten. Laget enda til slutt som nummer fem, 1.12 min bak vinnande Ål SSL. Hedda Garlid Hilde gjekk første etappe på laget.

Gutelaget til Markane tok ein 40. plass. Her gjekk Oskar Guddal Breivik, Torje Seljeset og Anders Svarstad Hole.

I morgon og søndag ventar individuelle konkurransar.