Liatoppen skiskyttarfestival:

Suverene gulljenter i 12-årsklassen

Vinnartrioen: Oda Svarstad Hole, Inger Hjelmeset og Katrine Svarstad Heggdal sytte for siger til Markane IL. 

Nyhende

Ikkje lenge etter at Markane sitt jentelag i 13-16 årsklassen hadde teke ein knallsterk 5. plass på stafetten under skiskyttarfestivalen på Liatoppen, slo 11-12 årsjentene frå same klubb til med ein suveren siger. Dei var over minuttet føre andremann Vingrom IL.

På laget gjekk Inger Hjelmeset, Oda Svarstad Hole og Katrine Svarstad Heggdal.

Vi gratulerer med strålande resultat til dei spreke markane-jentene!