Del vårstemninga med lesarane!

Lesarbilde: - Endeleg vår i lufta, ved gamlebrua på Eide i Olden 10. april, skriv fotografen.   Foto: Hilde Eide Gjerde

Nyhende

Våren har verkeleg banka på døra dei siste dagane, og med sol og gode temperaturar er det sikkert mange som har prioritert utelivet denne veka. Eller kanskje har du planar om å bruke det varsla flotte helga-vêret.

Dersom du knipsar bilde og vil dele med lesarane blir vi glade for bidrag - ute eller inne, stort eller smått, høgtid eller kvardag!

Send til: redaksjon@fjordingen.no eller til mobil 40 40 21 40. Vi trekker ut vinnarar av Flax-lodd mellom dei som sender inn.

NB! I den grad du klarar å justere oppløysinga, dersom mobilbilde, set vi pris på at desse kjem i størst muleg utgåve. Då kjem dei betre til sin rett både på papir og nett!