Klart for Grotlirenna

Tilbakeblikk: Grotlirennet gjekk i strålande sol i 2014.  Foto: Stein Are Bergheim

Nyhende

Stryn Turn & Idrettslag inviterer til Grotlirenna laurdag og søndag.

Laurdag er det Super-G som står på programmet, medan det er utfor søndag. Det rennet er også sett opp som KM-renn.

Henden Drageset kjem

Olden-alpinisten Jonas Henden Drageset er også påmeld til renna i helga. Han deltok også i senior-NM nyleg på Hafjell med gode resultat.

– Å kombinere renn på laurdag med det tradisjonelle Grotlirennet var ganske smart. No er det blitt slik at fleire legg heile helga til Grotli. Denne bakken skremmer ingen, så utforrennet er familievenleg. Det har vore deltakarar frå 4 til 60 år, sa Are Bergheim ved Grotli Høgfjellshotell etter renna ifjor.