Liatoppen skiskyttarfestival

Knalløp gav pallbesøk for Maren

Maren Hjelmeset Kirkeeide (midten) tok ein flott pallplass på Liatoppen i jenter 15 år. Lagvenninne Emilie Flo Stavik (t.h.) tok 7. plassen. I klassen over tok Gunn Kristi Tvinnereim (t.v.) ein fin-fin 13. plass. Her frå Hovudlandsrennet tidlegare i år.  Foto: Nordfjord Team (Arkivfoto)

Nyhende

Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL, gjekk inn til ein kjempesterk 3. plass i 15-årsklassen på Liatoppen. Med tre bom var ho 30 sekund bak vinnaren. Lagveninne Emilie Flo Stavik gjekk også eit gnistrande løp. Trass seks bom klatra ho heilt opp på ein 7. plass. Nemnast må også Hedda Garlid Hilde med fin 24. plass.

Også fleire andre lokale løparar gjorde sine saker svært bra på skiskyttarfestivalen i ettermiddag.

Oskar Guddal Breivik, Markane IL, gjekk nok ein gong forrykande i sporet og kapra ein 14. plass i 16-årsklassen trass fem bom. Her var seks av løparane føre han på lista frå andre nasjonar. Såleis 8. beste nordmann, vel minuttet bak vinnaren frå Polen.

I jenteklassen same årssteg fekk Gunn Kristi Tvinnereim frå Hardbagg IL ein kjempeflott 13. plass. Ho var 2.50 min bak med sine tre bom.

I jenter 13 år vart det 20. plass til Oddrun Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL. Mari Sofi Meland og Sara Annie Bjørnhaug Aarnes, begge Markane, følgde her opp med 24. og 25. plass.

I klassen over fekk Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL også ein fin-fin 20. plass.